I kveld, fredag 28. desember, inviterer kommunen og næringslivet i Hyllestad til romjulstreff. Treffet er først og fremst retta mot ungdom, men det er som kjent eit abstrakt omgrep, så ein har lete vere å setje ei klar aldersgrense. Treffet er tenkt tredelt, og vil grovt sett vere organisert slik:
- workshop frå klokka 18:00 til 19:30
- mat frå klokka 19:30 til folk har ete opp
- pubquiz med servering frå maten er oppeten til klokka 22:00
Om du sjølv er i tenkeboksen på om dette er noko du vil bruke tid på, så vil eg dra raskt gjennom kva ein har tenkt med kvar del.
Workshop: Ei kreativ runde i lag, der ein jobbar med nokre utdelte spørsmål. Vi har invitert nokre personar til å snakke kort om nokre ulike tema, mellom anna livet som tilflyttar, og arbeidet med ungdomsråd i kommunen. Inga aldersgrense på dette arbeidet, her er alle velkomne.
Mat: Vi får koldtbord frå Lavik Fjord Hotell. Dette er gratis, og forhåpentlegvis vel unt for alle som har jobba hardt i den første halvannan timen.
Pubquiz: Omstillingsorganisasjonen sin eigen quiz, som har vore køyrt med stor suksess gjennom hausten. Her er det heller ikkje inngangsbillett. Quizmaster er Rune Thorsnes, og det vert servering av øl og vin til fornuftige prisar, det betyr 18 års aldersgrense. Etter at quizen er ferdig vert det høve til å halde fram sosialiseringa. Vi har bestilt drosje frå Åfjorddalen til Leirvik Kro for alle som skal den vegen, også denne er gratis for dei som har vore med.
Det viktigaste med denne samlinga er at ein kosar seg i lag. Samstundes vil kommunen og næringslivet nytte høvet til å få innspel på jobben ein gjer, og det ein skal jobbe vidare med. Vi håpar at så mange som mogleg kjem, og set svært stor pris på at du dukkar opp i kveld. Vi lovar god stemning og god mat, og seier vel møtt!
fredag 28. desember 2012
Abonner på:
Innlegg (Atom)