torsdag 15. november 2012

Vi har ein plan!

Onsdag 14. november deltok underteikna på den første av eit tredagarsseminar om planarbeid. Seminaret var velregissert av Fylkesmannen, og programmet var variert og relevant. Frå Hyllestad deltok Margun Hyenes og Stig Tverberg frå plan og utvikling, i tillegg til meg sjølv. Og her burde fleire politikarar vore, det er heilt sikkert.

Kommunenplanen er den fremste premissleverandøren for det vi driv med i kommunen. Vi har også tidlegare hatt ei samling med fylkesmannen med info om planar og dei ufordringane som føl med, og vi har fått eksempel til det kjedsomelege på at ein god plan betyr raske prosessar og lite trøbbel, medan dårlege planar med ein haug med dispensasjonar byr på tilsvarande langdrektigheit og elendigheit.

Vår eigen kommuneplan er relativt fersk, og var revidert i 2009. Samstundes så er den lite utviklingsretta, og dei viktige langsiktige trekka, spesielt med tanke på næring, fritid og bustad, er ikkje innarbeidd. I alle fall ikkje det som Samlingslista har gått til val på av slike utviklingstrekk. Vi har difor vore pådrivar for å starte første revisjon av planen så snart som ressurssituasjonen på plan og utvikling tillet det - og gleda er stor over at den situasjonen nærmar seg.

Gjennom onsdagen fekk vi eit innblikk i korleis nokre gode eksempelkommunar hadde gjort denne prosessen før oss. Både Sogndal og Osterøy hadde gjort ein grundig og god jobb, og hausta no fruktene av det. Det var både lærerikt og inspirerande, og eg trur ikkje eg tek feil dersom eg påstår at både administrasjonen sine utsende og underteikna fekk mange gode innspel til korleis vi kan få ein god prosess på dette heime i Hyllestad.

Kommuneplanen gjeld alle. Innbyggjarar, næringsliv, tilsette i kommunen og lag- og organisasjonar forheld seg til ein kvardag der kommuneplanen er premissleverandør for framtidsutviklinga. Brei og solid oppslutnad rundt planarbeidet er difor eit sjølvsagt suksesskriterium for å lukkast med å få på plass ein god plan. Samlinga med Fylkesmannen var starten, og framhaldet vert definitivt moro å arbeide vidare med.

Heng med!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar