torsdag 15. november 2012

Kva gjer vi med kyrkjene våre?

Dei siste to vekene har kyrkjebygga på ny kome på dagsorden rundt om i fylket vårt. Hyllestad er ikkje noko unntak, og underteikna har vore med på å sette våre eigne kyrkjebygg på dagsorden. Debatten kjem denne gangen som ein konsekvens av at driftsrammene som soknerådet får til å drive kyrkjene ikkje strekk til. Vedlikehaldsetterslepet på bygga har auka dei siste åra, og frå kommunen sin ståstad synes det umogleg å hente dette inn att i nær framtid. I mellomtida er det både kommunen og soknerådet sitt ansvar å halde bygga forsvarlege, både teknisk og estetisk.

Kyrkja er ikkje berre eit forsamlingslokale for truande, men ein av dei viktigaste kultubærarane i samfunnet. Kyrkjene har vore sentrale i folket sitt virke, spesielt gjennom dei viktige hendingane i livet. Difor er det naturleg at det er sterke kjensler knytt til både bygga og det dei representerar. Det skal ein ha respekt og forståing for, det gjeld framfor alt dei folkevalde. Samstundes så er kyrkjene ein del av det som kommunen skal forvalte gjennom sin del av fellesskapet sine midlar. Då må ein sjå kyrkja i same perspektiv som dei andre kommunale oppgåvene.

Eg skulle ynskje at vi hadde nok midlar til å kunne halde alle kyrkjebygga skinande og vakre. Det har vi ikkje. Dei harde fakta er at vi har til dels store problem med å halde bygga på eit minimum av teknisk tilstand. Hyllestad-kyrkja har fått sitt løft innvendig, men også den har mykje ugjort. For kyrkjene i Bø og Øn er situasjonen endå verre - her står ein føre store vedlikehaldskostnadar i nær framtid. I mellomtida vert forfallet meir og meir synleg. Skal vi akseptere at bygga når ein uverdig forfatning? Eg tykkjer ikkje det.

Hyllestad, som dei fleste av nabokommunane våre, har kyrkjebygg som stammar frå ei tid der kommunikasjonane var annleis enn i dag. Hyllestad har gått frå å vere grendadelt, til å bli ei eining. Eg skal ikkje legge skjul på at det har vore ei ønskt utvikling for eigen del. Dette nye bilete av kommunen må også ligge til grunn når vi ser på kyrkjestrukturen. Det er ti minutt i bil frå eit bygg til neste. I tillegg så veit vi at oppslutnaden rundt gudstenestene ikkje lenger er som den var. Skal vi i framtida halde fram med å sitte nokre få sjeler i kvart vårt hjørne kvar tredje sundag? Eg trur den tida snart er forbi.

Grunnen til at denne ballen blir sparka såpass tydeleg over til soknerådet no, er for å freiste å kome i forkant. Vi ynskjer ikkje å måtte sjå at kyrkjene når eit forfall som tvingar fram stenging og krisevedtak. Det er negativt for kyrkja, og det er negativt for kommunen. Det er difor kjekt å registrere at soknerådet plukkar opp denne hansken, og søkjer ei konstruktiv tilnærming til denne utfordringa. Tida vil vise kva som er framtida for kyrkjene våre, men eg er relativt sikker på at vi kan få løyst mykje dersom viljen er til stades - og det trur eg at den er!

Som folkevald kjem ein frå tid til anna til saker som er meir krevjande enn andre. Dette er ei slik sak. Då er det viktigare enn nokon gang at folk brukar dei kanalane som finst for å gje innspel til dei som sit i beslutningsorgana. Dersom du sit med ei meining om denne saka, eller andre - nøl ikkje med å ta kontakt. Min kontaktinformasjon er lett tilgjengeleg, og di meining er alltid interessant.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar