lørdag 1. september 2012

Destinasjon Hyllestad

Næringsutvikling er spanande, og på mange område utfordrande. Hyllestad Næringsråd har gira opp eit hakk i 2012, og brukt 100.000 av eigenkapitalen sin på å konstruere eit prosjekt under omstillingsparaplyen. I tillegg til eigeninnsatsen, så stiller fylkeskommunen med tre kroner for kvar av våre kroner. Prosjektet har som mål å utvikle det lokale næringslivet til å bli større og meir robust. Det er ei stor oppgåve. Til å løyse den har styret bretta opp sine armar, og i tillegg har vi leigd ekstern prosjektleiing gjennom firmat Micon.

Torsdag 30. august arrangerte prosjektet temakveld for medlemsbedriftene. Den handla om nettverk og samarbeid, på tvers av bedrifter, fag og lokalisering. Simen Wilberg, ein av gründerane bak Beat.no på Mjømna innleia med å fortelje si historie, ei imponerande beretning om å realisere forretningsdraumen sin, og vegen frå idé til å bli lansert som ein del av produktpakken til Tele2, Altibox og RiksTV. Frå øya Mjømna i Gulen. Kvelden var prikkfritt gjennomført, så må tida vise kva vi fekk etablert av nye tankar.

Hyllestad er i vinden med fleire prosjekt for tida. Omstillingsstatusen, som har gjeve rom for utviklingstankar og handlingar sidan 2010, er no komen så langt at planane skal over i handling. Nemde Micon køyrer også eit anna prosjekt, dette for Hyllestad kommune. Målet med dette er å løfte kommunesenteret vårt opp og fram, og gjere Hyllestad tettstad til ein plass der det er attraktivt å busette seg. Her har det også vore møte denne veka, eit veldig spennande og interessant folkemøte der fleire tok ordet, og la fram alt frå draum og fantasi til handfaste, konkrete prosjekt.

I løpet av September skal næringsrådet arrangere den andre temakvelden i utviklingsprosjektet. Den rettar seg mot reiselivsnæringa, og her vert både medlemmar av næringsrådet og alle andre som driv eller har tankar om å drive innanfor reiseliv invitert. Mitt subjektive syn er at denne næringa har eit enormt utviklingspotensiale. Det er det også mange andre næringar som har, men innanfor reiseliv er vi svært svake med dagens status, det er vi ikkje i like stor grad i andre bransjar.

Mange meiner mykje om reiseliv som satsingsområde. Vi meiner at all næring som skapar aktivitet og arbeidsplassar i lokalsamfunnet, utan å gå på akkord med dei lokale verdiane, er verdt å satse på. Det interkommunale HAFS-prosjektet Kystarven har sett fokus på kommersialiseringa av omgjevnadane våre. Det kan høyrest kapitalistisk og kynisk ut, men ofte handlar det meir om å ta vare på og tilrettelegge, enn å ause skogane og fjelltoppane ned med folk. Når det er sagt, så er det viktig at ein han tenkt gjennom kva ein vil, og korleis ein skal gjere det.

Vi har ikkje råd til å mislukkast i vårt arbeid med å skape meir aktivitet. Difor har næringsrådet og Norsk Kvernsteinssenter gått i lag, og dreg inn dei beste for å tenne nokre gnistar, og hjelpe oss i gang. Bill Taylor frå Skottland vil delta med fagkunnskap og døme på reiselivssatsingar frå Norge og Skottland, og vi vil få på plass ein som har lukkast til å fortelje om sin veg frå start til lønsam reiselivsbedrift. Dette møtet er dagsett til 22. september, og ein håpar naturleg nok at næringa og dei lokale initiativa kjenner si besøkelsestid, og er med på lasset. Kanskje du går med ei reiselivsbedrift i magen?