søndag 1. juli 2012

Skuffande av Senterpartiet og Høgre

På siste kommunestyremøte før ferien skulle ein behandle ei sak som administrasjonen vart beden om å utarbeide sist møte. Sylvia og Heiko Helms har kjøpt ein gard på Ås, og har gjennom fleire saker tidlegare gjort greie for at vegen til garden er til hinder for at dei kan realisere næringsaktivitet. Sjølve aktiviteten er godt dokumentert, mellom anna gjennom eit grundig søknadsarbeid mot Innovasjon Norge. Dette har vore gjort kjent for kommunestyret, og aktivitane syner såleis å vere truverdige og godt dokumenterte.

Sylvia Helms stilte til val for Samlingslista hausten 2011, og kom inn i kommunestyret. Denne saka har ho jobba med sidan før valet, og heldt naturleg nok fram med det som privatperson også etter at ho fekk plass i kommunestyret. Når denne saka kom opp, så var det viktig for gruppa til Samlingslista å handtere dette på ein ryddig og sakleg måte. Det er ikkje slik at ein skal kunne nytte ein politisk posisjon til å jobbe fram private saker. Så er det heller ikkje slik at ein som kommunepolitikar skal vere avskoren frå å ha privat engasjement.

Samlingslista gjekk til val på eit politisk program. Der har vi sagt at vi skal jobbe for betring av dei kommunale vegane, og for utvikling av lokalt næringsliv. I vår tilnærming til saka, så har desse to punkta vore sentrale. Hyllestad kommune har ei vegprioriteringsliste som plan og utvikling jobbar etter. Denne vert rullert med jamne mellomrom. Så er det slik at dei gangane næringsinteresser dukkar opp, så høver det ikkje alltid å vente på neste planlagde rullering - då må ein omprioritere.

Samlingslista har såleis ikkje gjort noko anna enn å stå for det vi gjekk til val på. Vegstandarden på dei kommunale vegane er problematisk fleire stader, og ei samla satsing på vegane er naudsynt i åra som kjem. Vi har prioritert opp ein veg som vil utløyse eit næringsinitiativ framfor vegar der ikkje vegstandarden står i vegen for konkret næring og nyskaping. Det er ei prinsipiell tilnærming. Vi la opp til ein prinsippdebatt rundt denne måten å prioritere på, men møtte i staden ei mistenkjeleggjering frå SP sin representant rundt motiva, og det faktum at Sylvia Helms er med i gruppa til Samlingslista.

Samlingslista sitt forslag var å omdisponere kr. 80 000 innanfor eksisterande ramme for å prioritere å utbetre dei verste partia av vegen. Administrasjonen hadde antyda ein totalkostnad på kr. 160 000. Dei resterande midlane vert å kome attende til i neste rullering av vegplanen. Denne tilnærminga meiner vi sjølv er handlekraftig og god, og at den sender eit tydeleg signal til næringsdrivande i Hyllestad om at det er vilje til å satse på næring - sjølv i trange tider. Når SP og H vel å meine det motsatte, ved å røyste i mot i samla blokk, så får det stå for deira rekning. Det som er spesielt skuffande er at ingen av desse ynskte å ta debatten. Næringslivspartiet Høgre tok ikkje ein gang ordet i saka, før dei samla stemte i mot å legge til rette for næringsutvikling. Forstå det den som kan.

Saka vart vedteken med Samlingslista sitt framlegg, med knappast mogeleg fleirtal. Vi tykkjer det er beklageleg at det er så marginal vilje til å satse på utvikling. Sjølv om det er knapt med ressursane, så er det gledeleg å kunne løyve til initiativ som bidreg til å skape aktivitet - det treng kommunen vår. Samlingslista håpar vi får fleire slike initiativ til politisk behandling.

NB! Sylvia Helms var sjølvsagt ugild når denne saka vart handsama.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar