Ei av dei eldste sakene i lokalpolitikken i Hyllestad er barnehagesaka. Dei siste 20 åra har vore ei reise gjennom dei fleste moglege alternativ reint lokaliseringsmessig. Sidan bygget i Prestefjøra vart til som eit felles barnehagebygg for heile kommunen, har ein vore gjennom ein desentralisert struktur som har vore meir prega av gjenbruk og døyving av skulenedleggingssmerter, enn av å tenkje på ein god og framtidsretta barnehage. Samlingslista var i valkampen tydelege på at ein måtte drive ein meir langsiktig barnehagepolitikk, slik at både borna, dei tilsette og foreldra har gode tilhøve. I tillegg må ressursbruken stå i stil med tilbodet.
Vi skisserte difor tidleg at Hyllestad kommune bør ha éin offentleg barnehage, og at den burde ligge på Hyllestad, knytt opp mot det eksisterande oppvekstmiljøet som er der, og plassert geografisk midt i kommunen. Dessutan er det på Hyllestad vi har det einaste bygget som er bygd som barnehage. Situasjonen ved valet var to offentlege barnehagar, i Leirvik og Sørbøvåg, i tillegg til ein privat på Åfjorddalen. Bygget i Prestefjøra var i bruk som småskule. Då må det nødvendigvis gjerast nokre grep for å få heile kabalen til å gå opp.
Det endelege vedtaket om struktur kom i budsjettbehandlinga rett før jul i 2011, og var samrøystes. Underforstått skulle skulen umiddelbart starte prosessen med å få plass til alle elevane under same tak, og Prestefjøra måtte på ny tilpassast barnehagedrift. Det er god grunn til å berømme både skule- og barnehageleiing for måten dei har følgt opp dette vedtaket på. Sjølv om flyttinga av barnehagane måtte utsetjast eit halvt år, så har arbeidet så langt hatt det høgste tempo ein kan forvente.
Arbeid under tidpress, med avgrensa ressursar vert sjeldan heilt optimalt. Likevel synest ein å ha ein plan som leiar mot framtidig gode løysingar, både for skulen og barnehagen. Når ein veit at det ligg ein gevinst i enden, så kan ein leve med at ikkje alt er hundre prosent undervegs. Formannskapet fekk presentert teikningane og løysingane for den nye barnehagen no i vår, og det er liten tvil om at vi er i ferd med å få ein svært god barnehage for alle.
På kommunestyremøte no i juni fremja administrasjonen ei sak om å legge ned Øn barnehage. Dette har ikkje tidlegare vore politisk behandla, men forslaget er tufta på lågt søkartal, noko som ville ha vore pedagogisk og økonomisk utfordrande. Vi kunne ha tenkt oss at denne saka vart førebudd tidlegare, då søkartala har vore kjende ei tid allereie. Då kunne ein ha køyrt ein betre prosess, spesielt ovanfor foreldra. Likevel ser det ut til å vere semje rundt det valet som er teke, også frå foreldra si side. Det er uansett ikkje med noko god kjensle ein sender born og foreldre på flytting to gangar på eit halvt år.
Samlingslista sitt syn er at barnehagepolitikken i kommunen har vore vinglete, og meir enn noko anna prega av ein snodig kombinasjon av hastverk og beslutningsvegring. Førre kommunestyre utgreia alternativ til den store gullmedaljen fordi dei meinte å ha for dårleg grunnlag å fatte vedtak på, for så å gå imot tilrådinga frå administrasjonen. Denne vinglinga har skapt den uheldige situasjonen som borna, foreldra og ikkje minst dei tilsette har vore gjennom, med stadig uvisse om korleis framtida skal sjå ut. Vi meiner difor at det er svært viktig at ein no har sementert ein framtidsretta og god barnehagestruktur i Hyllestad - det var på høg tid.
søndag 1. juli 2012
Krevjande for barnehagane i Hyllestad
Etiketter:
hyllestad,
kommunestyret,
prestefjæra,
prestefjøra,
samlingslista
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar