Det synest å dukke opp oftare no enn før. Små og store problem, ofte rett framfor nasetippen, skal løysast etter fylgjande metode:
1. Identifisere utfordringa som eit problem (kan ofte vere utfordrande, men her er mange blitt veldig gode).
2. Belyse alle negative sider inngåande (her er det viktig å samstundes skjule eventuelle moment som kan redusere negativiteten i saka ein har under opparbeiding).
3. Peike ut syndaren (nokon andre burde alltid teke større ansvar, dersom vedkomande er vanskeleg å identifisere kan det vere lurt å peike på kommunen eller staten).
4. Bruke tid og krefter på å formidle saka (her er det viktig å ikkje analysere om det hadde kravd mindre arbeid å løyse problemet - tenk prinsipp og at nokon bør få svi).
Firda er eit av dei viktigaste talerøyra for deg som ynskjer å nytte denne metoden. I dag kan vi lese om Kristine, som var uheldig å skade seg under Nordsjøporthelga i Askvoll-øyane. Ho vart frakta til sjukehuset i Førde, undersøkt der, og friskmeldt utpå kvelden. Ho ville naturleg nok tilbake til øyane, men sidan ho var i fin form vart ikkje returen å rekne som ei pasientreise. Helse Førde betalte i staden ei natt på vandrarheimen. Og kva er vinklinga og moralen frå dei involverte? Lang veg til sjukehus, dårleg kollektivtilbod, tverre reglar som ikkje kunne betale for tur til Askvoll og dårleg med mat på vandrarheimen.
Ikkje lenge før kunne same avis melde om at Aud Jorunn i Førde har fått hagen full av brunsneglar. Det er i seg sjølv knappast ei nyheit, men greitt nok i desse ferietider. Det som var oppsiktsvekkande i denne saka var at Aud Jorunn meinte at dette var noko kommunen måtte ta tak i. Ho fekk til alt overmål støtte frå fleire grendalagsleiarar, som samstundes peikte på at dette iallfall ikkje var noko dei kunne ta seg av.
Slik er vi kanskje i ferd med å bli. Ein gjeng med dovenpelsar som er meir opptekne av rettar enn av plikter, og som glatt brukar meir tid på å fortelje kor gale alt er, heller enn å ta eit initiativ sjølv. Dette er nok desverre ikkje eit Førdegryte-problem, her i Hyllestad har vi òg har diskusjonar som går på kva ein kan vente av kommunen, og kva som ligg utanfor. Virkeligheitsoppfattinga er ikkje alltid på topp. Vi vert stadig flinkare til å peike på alt som er gale, og samstundes dårlegare på å gjere noko med det sjølv.
Heldigvis finst unntaka, som bør vere til inspirasjon for andre. I Hyllestad har kantslåtten på kommunale vegar vore eit tilbakevendande tema. Ironisk nok er det i byggjefelta, med fleste bebuarar per vegmeter, forventningane til det offentlege i kombinasjon med kollektiv maktesløyse er størst. Her peikar ein på tryggleiken ved at graset får bli ein halvmeter høgt, men sler ikkje eit strå utanfor plenen. Sjølv har eg ein nabo som i staden for å køyre traktoren med slåmaskina i skuffa heilt til tunet, parkerar i botnen av den kommunale vegen, og sler med seg kantane, først opp - og så nedatt. Så kjem naboane med rive heilt av seg sjølv. Seansen kostar ein times tid med sakte arbeid og mykje god prat. Så fekk ein sosialisert litt med naboane i same slengen.
I tillegg til denne gode opplevinga, så er Dale IL Turgruppe ein prisverdig initiativrik gjeng. Dei tek utgangspunkt i noko så enkelt, men arbeidskrevjande, som betre turstiar. Her er det frammøte, vilje og litt musklar som skal til, ikkje noko meir. Folk stiller opp, jobbar litt, pratar litt og bidreg til at fellesskapet får det litt betre for kvar økt.
Korleis er di haldning? Gjer du før du klagar?
onsdag 11. juli 2012
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar