torsdag 2. februar 2012

Tonedøv feministskriking

Eg let meg tidvis overraske over den inkonsekvensen dei såkalla feministane utøver. Eg har stor respekt for dei som jobbar for at begge kjønn skal ha like rettar, og få lik status i arbeidsliv og resten av den profesjonelle verda. Derifrå er det milevis til dei usminka skrikehønene i stygge kle som går av skaftet når nokon brukar seg sjølv og kvinnelegheita si til eigen fordel. Det er ikkje berre dobbelmoral i praksis, men det avslørar den eigentlege motivasjonen til mange av desse såkalla feministane - misunnelse ovanfor dei som får det til.

Eg siktar sjølvsagt til ståket rundt den nye videoen til Tone Damli, der ho syner seg meir fram, og på ein tydlegare måte enn før. Det er det sjølvsagt lov å meine ulikt om, men å kritisere ho for å vere flott og dyktig, innpakka i feministretorikk, er total skivebom. Det vert også tullete å sei at dette ikkje lenger treff målgruppa, som kritikarane har definert som jenter, 14. Tone må naturlegvis få utvikle seg, og sikte mot nye målgrupper som artist om det er det ho ynskjer. Som samfylking med Tone er eg imponert og stolt. Ikkje berre er ho eit glitrande førebilete med gode haldningar, ho er samstundes flott, smart - og ho torer å vise det.

Stå på Tone!

4 kommentarer:

  1. Eg veit ikkje om eg kjem under kategorien "usminka skrikehøne med stygge kle", men eg må innrømme at eg reagerte på videoen. Eg er stolt over å vere frå same fylket som ho òg, fordi ho får det til. Ikkje fordi ho er fin.

    Og fin er ho. Grunnen til at eg reagerte litt på den, er at den ikkje har noko meining. Ho samanlignar seg med Rihanna og Lady Gaga, som òg viser mykje hud, men eg syns det er på ein anna måte. Eg har ikkje sett så mange videoar av Rihanna der ho sitte på tre forskjellige plassar, nesten utan klede, og syng. Utan at det skjer noko anna enn at ho har lite klede og stryk seg litt over magen. Den gir berre ikkje meining.

    For all del, ho må få spele på at ho er fin, det har ho vel alltid gjort? Men musikkvideoen var ikkje bra. Den var kjedeleg og litt meiningslaus. Og det meiner eg ikkje fordi eg er sjalu eller feminist, fleire menn hadde nok vore einige om det ikkje hadde vore for at dei blir "blenda" av all huda.

    Tenkte forresten over ista at det er litt spesielt at menn ikkje står utan klede når dei spelar, sjølv om kjekke menn hadde vore meir intressant å sjå på (for meg). Rapparar har til dømes alltid masse fine DAME rundt seg, dei står ikkje å jukkar i bar overkropp. Kvifor er det slik?

    SvarSlett
  2. Eg har sett rapparar som jukkar i bar overkropp, så eg er ikkje sikker på at premissane dine er rett. Heller ikkje insinueringa om at dette er eit viktig ledd i eit generelt samfunnstrekk om kjønnsbalanse. Det hadde uansett vore ein anna diskusjon.

    Eg synst heller ikkje videoen, eller sangen for den saks skuld, er spesielt bra. Eg synst heller ikkje den er spesielt dårlig, og at den reint handlingsmessig skil seg ut på nokon måte. Poenget er ikkje kva ein synst om videoen, det er kva ein synst om at artisten Tone Damli lagar ein sånn video.

    Kvifor skal ikkje ho få lage sexy video når ho har attributtane og har lyst?

    SvarSlett
  3. Alle kan jo lage ein sexy musikkvideo, anten dei har kroppen hennar eller ein litt større kropp (som eg trur nokon menn likar òg?). Poenget er berre kva vitsen er med å lage 3 minuttar med film der ein berre sit utan klede, utan å komme med noko bodskap? Ho er fin ja, alle veit det, men kvifor behovet for å vise det i 3 minutt? Ho KUNNE jo ha laga ein film som fekk godt fram bodskapet i songen og gav ei tilleggsmeining.

    No er eg ikkje slik at eg får meir respekt av jenter med fin kropp som tek av seg kleda, heller tvert i mot. Imponert av at ho et sunt og trenar så mykje som ho gjer, og det inspirar til ei viss grad meg til å gjere det same. Likevel engasjerar eg meg litt i musikk og meiner at musikken bør stå i sentrum. Adele feks, med ei fantastisk stemme, kler ikkje av seg. Maria Mena? Ho har i alle fall kroppen til det.

    Eg er eigentleg einig med ho/han (?) på p3 som sa at om at viss songen er god, treng ein ikkje spele på sex.

    SvarSlett
  4. Du kinna oppatt på da same, og da e greitt. Poenget er ikkje at det ikkje finst betre artistar enn Tone uten kle, men at det må vere lov å spele på dei føresetnadane ein har. Da betyr ikkje at alle ska spele på sex. Sjå nyansane.

    Kritikken mot at Tone spelar på kroppen sin botnar i misunnelse. Du treng ikkje vere verken dum, dårleg å synge eller undertrykt for å gjere det, på same måte som det ikkje bevitnar det motsatte. Det er irrelevant vås.

    SvarSlett