Førre onsdag var eg på karrieremessa til Framtidsfylket - eit etter kvart godt innarbeidd arrangement som i år skal vere i Bergen og Trondheim. Framtidsfylket er ein organisasjon som arbeider for folketalsauke i S&F ved å koordinere jobbmogelegheitene med marknadsføring av bedrifter, offentlege arbeidsplassar og S&F som fylke. Hyllestad har vore med på desse messene i varierande grad. I år var ein relativt godt representert - kommunen, næringsrådet og Havyard hadde kvar sine standar. Dette heng i hop med at behovet for kvalifisert arbeidskraft er stort.
Hyllestad står i startgropa for å lage seg ein omdømestrategi. Det er vanskeleg arbeid! Ein skal bruke det som er ekte, spele på det som er bra og vere ærlege på det som er realitetane. I prosessen skal ein nytte lokale krefter saman med innleigde konsulentar. Det er eg også spent på, kvar i grenseoppgangen mellom lekfolk med lokalkunnskap og fagpersonar finn ein den gode omdømestrategien?
Eins eigne identitet kan vere vanskeleg å finne for ein liten kommune, som over fleire år med folketalsnedgang slit med både sjølvkjensla og presset frå dei større og sterkare konkurrentane rundt. Eg trur at storleiken og dei komparative fortrinna vi har gjev ein fordel, samanlikna med mange andre kommunar som er større, både i folketal og budsjett. Det vert uansett ein spennande prosess å fylgje vidare.
Samstundes som mange kommunar putlar med å snu kvar sine trendar, så har fylkeskommunen eit tilsvarande program på fylkesnivå, gjennom Framtidsfylket. Er jobben med å finne seg sjølv vanskeleg for ein kommune, så er den ikkje noko enklare for fylket S&F. Det er langstrakt, tungvindt og komplekst. I tillegg har ein ikkje noko felles identitet å bygge på, ein startar på bar bakke. Identiteten har tidlegare vore sterkt knytt til fogderi. Det er den nok framleis, sjølv om ein ny generasjon har eit anna verdsbilete.
Framtidsfylket får ikkje berre skryt for sitt arbeid. Det vert frå fleire hald hevda at ein spelar på klisjear, og at det ikkje er samsvar mellom liv og lære. Eg skal ikkje hevde at Framtidsfylket gjer alt rett, men oppdraget er utanom det vanlege vanskeleg. Merkevara S&F er i forandring, og mange av dei tradisjonelt sterke næringane, som på kvar sine måtar har vore kjerna i mange lokalsamfunn, forsvinn, og vert gradvis erstatta av noko anna. Det andre er heller ikkje noko handfast og konkret, som oljen har vore sør for oss, og maritim industri nord for oss. Dette er faktorar som betyr mykje, og som ein må ta med seg dersom ein skal drive konstruktiv kritikk.
Jakta på ein syndebukk er som kjent den enklaste av all idrett. Det krev ingenting å himle med augene og peike på enkeltsaker som ein er usamd i, frå den infallsvinkelen ein måtte ha. Det som er kunsten er å vere konstruktiv og konkret i kritikken. Først då tilfører ein noko. Det har eg endå til gode å sjå. Eg er overtydd om at Framtidsfylket gjer eit viktig stykke arbeid. Det ser ein etter kvart også resultat av. Så må alle gode krefter vere med på å korrigere det som må korrigerast, slik at ein vert endå betre i åra som kjem.
onsdag 22. februar 2012
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar