søndag 15. januar 2012

Plumbo-humor og misforstått rasisme




Årets Spellemannspris var ei festførestilling lenge, men enda opp i plumpe vitsar og ei framvising i påteken politisk korrektheit som vi ikkje har sett maken til på lang tid. Det som kunne og skulle passert inn i historiebøkene som ein dårleg vits frå ein atypisk representant for ein kultur og sjanger som aldri har vore kjent som kultursnobbar, vart i staden gjenstand for eit skandalejagande hylekor med musikkjendisar på slep, som for alvor fekk vist kva dei er laga av.

Visst var spøken dårlig. Det hadde eg også rekna med frå eit band som kallar seg Plumbo med ein sang som heiter Møkkemann. Men rasistisk var den ikkje. Dette er ikkje rasistane og rasismen vi som samfunn skal bruke kreftene våre på å motkjempe, ganske enkelt fordi det aldri var meint som, og heller aldri ville blitt tolka som rasisme. Det er av dei mindre politisk korrekte, sjølvsagt. Plumbo er enkle og plumpe, men dei er ikkje rasistar - dei er harmlause. Difor vert reaksjonane, både i sosiale medier, hjå dagspressa og på nachspielet etterpå, så malplasserte og feil. Den einaste vinnaren er den gjennomtenkte og ondsinna rasismen, og dei som målbære den. Den får vi ikkje fatt i på ei sleivete tale seint på Spellemannprisutdelinga, den må vi oppsøke, få motbør av og arbeide med. Rasistane legg seg ikkje flate minuttet etterpå, og beklagar.

Difor er eg personleg mykje meir skuffa øve Tshawe, som responderar på direkten (VGTV) med å kalle Plumbo-vokalisten eit "jævlig fittehøl". Då er vi på same nivå, og kanskje verre, frå ein artist iallfall eg hadde større tiltru til. Når også Kaizers-gitaristen kjem med øltømminga si, etterfølgt av å demonstrativt knuse glaset i golvet framfor kamera og Plumbo, så er botnen nådd. Den gjennomsnittlege førsteklassen har mykje å lære til denne gjengen om å oppføre seg på ein skikkeleg måte, og handtere konflikter.

Så ser at min eigen Facebook-krets heng seg opp i at det vert skulda på bygdetilhøyrigheit når ein skal vekkforklare den dårlege vurderingsevna. Det trur eg er riktig. Rett nok ei smal og lita gruppe av "dei frå bygda", men likefullt. Så er det heldigvis slik at dei fleste blandt oss veit at det ikkje er slik at dei frå bygda er ei samla gruppe med like folk, på same måte som dei fleste av oss veit det heller ikkje ekisterer ei samkøyrt og einarta gruppe som heite folk frå byen. Dei som ikkje klarar å skilje dette er ikkje eg så bekymra for kva måtte meine. Dei høyrer heime i Plumboland sjølv. Såleis har ikkje dette ein millimeter med omdøme å gjere, men det kan nok synleggjere nokre dårlege bygde-sjølvbilete.