Sognebåten er på ny i media, nær sagt som vanleg på denne tida av året. Problemet er som før, båten har sviktande passasjergrunnlag, går på dyre subsidieordningar og er miljømessig diskuterbar. Alt dette talar for at båten si tid er over, men som før tyder signala frå fylkespolitikarane at kjenslene skal berge båten endå eitt år. Dette er også ei viktig sak for Hyllestad.
Hyllestad har i ei årrekke hatt eit svært godt båtsamband grunna Rysjedalsvika sin naturgjevne geografiske plassering. Som knutepunkt, har Hyllestadingen båtsamband i alle retningar, fleire gangar for dagen. Dette har dessverre vore lite politisk merksemd rundt lokalt. Dette har etter mitt syn fleire aspekt med seg:
- ein har ikkje i aktiv nok grad kommunisert verdien av knutepunktet Rysjedalsvika, både mot fylket og mot nabokommunane som også har Rysjedalsvika som sin stoppestad.
- ein har ikkje sett verdien av å utvikle Rysdalsvika til å innehalde fleire funksjonar.
- ein har ikkje hatt godt nok fokus på å støtte opp om stoppestaden i form av effektive busskorrespondansar.
Heldigvis er det ikkje for seint endå, men det krev politisk handling. Hyllestad må i løpet av relativt kort tid ta tak i dialogen med fylket, og sette ned ei arbeidsgruppe saman med Fjaler og Høyanger for å styrke båten sin posisjon. Det er liten tvil om at båtrutene er ein premiss for å vidareutvikle reiselivsnæringa i regionen, og samstundes støtte opp om behovet - og framtidige behov - for det lokale næringslivet.
Samstundes bør Hyllestad kommune ta ei pådrivarrolle med tanke på å få private aktørar til å skape aktivitet på Rysjedalsvika. Med dagens gode kommunikasjonar, og ei gunstig plassering ytst i Sognefjorden burde dei kommersielle mogelegheitene vere godt til stades for dei som ynskjer å satse. Hyllestad er for tida omstillingskommune, og vil forhåpentlegvis halde fram med å vere det også dei neste åra. Tida er difor heilt rett for å få kartlagt mogelegheitene for ei satsing her.
Til slutt må ein oppfordre til ein kollektiv jobb, der ein viser gjennom handling og bruk at båten er eit tilbod vi set høgt. Det gjeld både for privatpersonar, verksemder og for den politiske og administrative leiinga i kommunen. Dersom ein klarar å ha båten i medvitet i det daglege, kan små endringar bety mykje for eit svært viktig tilbod.
mandag 3. oktober 2011
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Bra innlegg! Syns Sognebåten òg spelar ei stor rolle for fylket i det å halde på ungdommane. For meg gjer det Hyllestad attraktivt at både Bergen og Sogndal berre er nokre få, og veldig behagelege timar, vekke. Medan eg no studerar vekke er det ein måte og oppretthalde førehaldet med heimkommunen. Det er lett og kjekt å reise heim, det er kanskje difor unge frå både Askvoll, Hyllestad, Fjaler og Høyanger gjer det så ofte. På den måten held vi forsatt "kontakten" med heimkommunen utan at det er noko stress å reise heim om det skjer noko ei helg (eller ein vekedag, uansett om det er snarvisitt eller anna).
SvarSlettSognebåten betyr utan tvil mykje for HAFS. Har sett mange fortvila facebook-oppdateringar o.l. frå mine medstudentar frå Framtidsfylket om at båten blir "dømd" i media for tida. Det KAN ikkje skje.
Mvh småleg fortvila student i Bergen.