søndag 4. desember 2011

Budsjettet - vårt arbeid

Den førre posten var skriven i opptakta til budsjettarbeidet i Hyllestad kommune. No, nokre veker seinare, har vi fått jobba med innhaldet, både kvar for oss og i gruppene. Vi har endå til hatt to fellesmøte der alle gruppeleiarane har diskutert intensjonar og alternativ. Prosessen har vore krevjande og utfordrande på dei eine sida, men prega av gode diskusjonar og godt arbeid på den andre. Felles for alle gruppene er at ein ynskjer å utføre meir enn det ein i realiteten har pengar til. Då må vi kvar for oss legge nokre premiss i botnen. Våre er:

- kva tiltak, og i kva rekkefølgje ynskjer vi å ta innatt i budsjettet for 2012?
- kvar kan ein spare, både for 2012, men kanskje endå viktigare - for resten av økonomiplanperioden (til 2015)?
- er budsjettet realistisk?

For oss på Samlingslista har det vore naturleg å setje opp nokre konkrete punkt og summar på dei postane vi sterkast ynskjer å finne dekning for, og prioritere rekkefylgja. Vår liste med konkrete punkt ser slik ut, i prioritert rekkefølgje:

- Oppretthalde Frivilligsentralen
Frivilligsentralen er navet for all den positive frivillige innsatsen som vert lagt ned i kommunen vår. Mykje er usynleg arbeid, men som kan bety skilnaden på eit godt og dårleg liv for den som er involvert. Andre oppgåver er veldig synlege, som når ein kollektivt går saman for å feire oss sjølv. Frivilligsentralen gjer ein uvurdeleg innsats for lag og organisasjonar, og for meg og deg.

- Gjeninnføre politikargodtgjerdsla
Det å vere folkevald og arbeide for ein best mogeleg kommune er ikkje noko ein skal gjere halvvegs eller som venstrehandsarbeid. Det har det heller ikkje vore, men det er prinsippielt riktig og viktig at den innsatsen som ein gjer på fritida for folket sitt ve og vel skal lønnast med ein symbolsk sum i tråd med vervet ein har. I tillegg skal vi ha ein dedikert og hardtarbeidande ordførar. Det skal ikkje vere ein stillingsprosent, men ei altomfattande rolle. Då er det uaktuelt å halde fram med berre 80% godtgjerdsle.

- Oppretthalde aktivitetssenteret
Aktivitetssenteret er ikkje lovpålagt, men for Hyllestad sin del har det vore enormt viktig. Det er eit tiltak for brukarar som ikkje har noko anna tilbod, og det har vore med på å auke livskvaliteten til dei som har vore med. I tillegg har ein i Hyllestad vore del av ein unikt prosjekt der ein driftar miljøstasjonen i Staurdalen. Dette har vore så vellukka at det vert brukt som modell for andre kommunar.

- Oppretthalde kjøkken og vaskeri på Eiklund

Ein har ikkje funne det sannsynleg at her ligg eit betydeleg innsparingspotensiale når alle faktorar er tekne med. I tillegg så er dette viktige arbeidsplassar i kommunen, som vi ikkje ynskjer å sette vekk, og mogeleg miste ut av kommunen.

- Konkurranseutsette reinhaldstenestene

Tilsvarande vurdering som på førre punkt.

- Auke rammene for skulen

KOSTRA-tal syner oss at skulen har ekstraordinære utfordringar, og ekstremt mange elevar som krev ekstra oppfylgjing. Det krev igjen ekstra ressursar, og desse får ikkje kommunen dekka med dagens inntektssystem. Det vert ei prioritert og ekstremt viktig oppgåve for politikarane i 2012 å jobbe finansieringa av desse tiltaka. Summen av skulen sine utfordringar er eit redusert budsjett på totalt 2,5 mill. Dette betyr naturlegvis tøffe tak for skulen. Vi trur at skuleleiinga vil løyse desse utfordringane på ein best mogeleg måte, både for elevar, foreldre og tilsette. Vi har fått mange gode innspel frå både skulen og utdanningsforbundet, og dei set vi stor pris på. Vi er ansvarlege skuleeigarar, og ynskjer å halde fram med den gode dialogen. Så er det alltid ein kunst å balansere skuleeigarrolla med å vere gode og ansvarlege eigarar av helse- og omsorgstenestene, plan og utvikling, barnehagane og sentraladministrasjonen. Vi er alle i same båt og må dele av den same pengesekken, og andre sektorar har desverre fått tilsvarande utfordringar før, men heldigvis løyst dei. Det er vi trygge på at også skulen skal komme i mål med.

- Redusere auka i kommunale gebyr

Det kan verke som eit paradoks at ein skal promotere seg som tilflyttarkommune samstundes som ein del satsar vert auka. Vi er opptekne av at satsane skal vere levelege, og det er dei samla sett også etter ei oppjustering - etter vårt syn. Når det gjeld vassavifta spesielt, så er den lovregulert, slik at kommunal vassproduksjon skal vere sjølvfinansierande. Det skal vi som politikarar syte for at den er. Så kan ein sjølvsagt alltids diskutere om ein liten kommune som Hyllestad skulle drive med vassproduksjon i utgangspunktet, men det vert i beste fall ein diskusjon av akademisk interesse.

- Unngå auke i eigedomsskatten

Eigedomsskatt er etter vårt syn ein urettferdig og prinsippielt feil måte for ein kommune å skaffe seg inntekter på. Denne meininga veg dessverre ingenting når fylkesmannen har bestemt at den skal innførast for at ein skal få skjønnsmidlar. Dette er i realiteten ikkje opp til politikarane å bestemme for ein kommune i Hyllestad sin situasjon, det er ein føresetnad for at ein skal eksistere.

- Auke rammene for helse og omsorg

For å komme frampå i arbeidet med samhandlingsreforma, og for å betre arbeidssituasjonen for dei tilsette i sektoren, så burde ein ha auka rammene. Her manglar midlar både til Eiklund, heimetenestene, psykiatri, førebyggjande arbeid og administrasjon. Ein vert kort oppsummert heldne i hop av tilsette som gjer ein prisverdig innsats. Også her ligg nokre ekstraordinære utfordringar inne, som etter vårt syn bør gjevast øyremerkte midlar til. Det skal også jobbast med i 2012.

- Auke rammene for kulturskulen

Kulturskulen gjer ein nyttig og viktig jobb for å levere gode tenester til innbyggjarane. I tillegg har ein potensiale til å utvikle endå fleire tilbod til fleire grupper av innbyggjarane, som også kan gje oss inntekter og/eller innsparingar på sikt.

- Auke rammene for sentraladministrasjonen

Sentraladministrasjonen er i likheit med mykje anna på eit minimum, og har i hovudsak fokus på lovpålagde tenester. Vi ynskjer å løyve midlar for å auke ressursbruken på utviklinga av nettsidene, innføre politikarportalen for spare miljøet og kostnadar, sette i gang naudsynte prosjekt innanfor IT og lage rom for konstruktive utviklingsoppgåver.

- Auke rammene for plan og utvikling

Plan og utvikling har i ei årrekke vore under sparekniven. Det betyr at vi som folkevalde har opparbeida eit etterslep som plan og utvikling på leve med i sin kvardag. Det er ikkje bra. Vi er på helane når det gjeld veg, vatn og kommunale bygg. I tillegg har ein ikkje ressursar til drive med kultur og utviklingsbiten i den utstrekning som vi ynskjer.

I framhaldet finst det ei uendeleg liste med gode tiltak som vi kunne ha hatt dersom vi hadde ein annan økonomisk situasjon. Administrasjonen har fremja eit forslag til budsjett der ein har auka eigedomsskatten så mykje som ein kan, ein har auka kommunale gebyr og avgifter. I tillegg har ein ikkje funne rom for politikargodtgjerdsla. Dette forslaget går i balanse. Det vil sei at vi må frigjere midlar dersom vi skal bruke meir. Det er utfordringa vår. Frå før veit vi at drifta på dei ulike sektorane er tekne ned til eit minimum.

Samlingslista sitt forslag for å finne dekning er:

- legge ned dei kommunale barnehagane frå hausten -12, samle dei på Hyllestad, og flytte småskulen saman med resten.
- selje bygga til noverande Øen og Leirvik barnehagar.
- redusere ei av ingeniørstillingane på plan og utvikling til 60%.

Det er viktig at dei grepa som blir gjort no er strukturelle grep som også gjev oss ein langsiktig gevinst. Dersom ein utøver budsjettmessige krumspring for å finne dekning for eitt år om gangen, så kjem ein oppatt i same situasjon neste år. Desse to grepa vil gje oss handlingsrom, både i 2012 og vidare utover i økonomiplanperioden. Det vil vi trenge. Samstundes vil vi halde eit høgt fokus på rekruttering og målretta arbeid for å redusere sjukefråværet. Dette har også eit innsparingspotensiale i seg, men det blir i så fall ein gevinst. Det er postar som vanskeleg let seg estimere og brukast i budjsettsamanheng på førehand.

Samla sett gjev desse grepa oss nok dekning til dei fem øvste punkta. Dette føreset at tala som vi har jobba med vert kvalitetssikra av administrasjonen. Det finst i realiteten ingenting å hente på dei andre budsjetta, alle som jobbar i kommunen driv alt på eit minimumsnivå. Dette er dei harde realitetane. Ein kan sjølvsagt meine at dette er dårleg.

Det kunne ha vore mykje verre.

No-situasjonen har oppstått på grunn av manglande vilje og evne til å gjere strukturelle grep politisk i fortida. Det betyr at vi kanskje allereie til neste år kan merke positive konsekvensar av dei vedtaka vi legg opp til no. Når driftsnivået er tilpassa røynda kan vi sjå framover, og legge til rette for utvikling. Sånn sett er det trass alt eit positivt budjsettframlegg, all den tid at ein har funne dekning for tiltak som vi meinar er viktige for innbyggjarane i kommunen vår, og sett ein tydeleg kurs vidare.

Vi i Samlingslista har god tru på Hyllestad i framtida. Vi er inne i ein god trend, og dersom våre synspunkt når fram i budsjettbehandlinga, så er vi også økonomisk inne på ein ny og betre kurs. Det gjev oss naudsynt handlingsrom og handlekraft i åra framover. Vi ser at det er mange spennande prosjekt i åra som kjem. UNESCO-nominasjonen og det enorme potensiale som er i ferd med å krystallisere seg rundt kvernsteinsparken er eitt punkt. Utviklinga av gamleverftet og synergiane det vil ha for Leirvik er eit anna. Fleire spennande reiselivsnæringsprosjekt på Sørbøvågen er eit tredje. Hyllestad er i ferd med å utvikle seg til å bli det samlande senteret vi alltid har mangla. Omstillingsarbeidet er inne i ei viktig fase, der ein for alvor vil få oppleve konkrete og synlege resultat. I tillegg har vi Lutelandet, ny kystveg og endå meir. Framtida er lys.

Likevel skal ein ikkje gløyme at 2012 vil bli nok eit utfordrande år for dei som arbeider i kommunen. Også innbyggjarane vil i ulik grad merke at ein gjer grep som verkar inn på kvardagen. Heldigvis har vi fantastiske tilsette i alle sektorar, og saman med dei er eg trygg på at vi skal løyse også dei vanskelege oppgåvene på den beste måten som er mogeleg. Året som kjem vil på mange måtar stå for ein ny start, og vonaleg starten på ei ny tid for innbyggjarar og tilsette i Hyllestad kommune. Med det som bakteppe så har eg stor tru på at vi Hyllestadingar skal få eit vellukka og positivt 2012 - ved å stå saman.

onsdag 16. november 2011

Systemet vil ikkje ha Hyllestad

I morgon er det ei veke sidan kommunestyret fekk presentert budsjettet for 2012. Administrasjonen levnar ingen tvil, her er fleire oppgåver enn det finst midlar til. I opptakta har vi alt vore klare over at stoda ikkje er god, 2011 går mot underskot, sjølv med ekstramidlar på 1,5 million. Forklaringa er naturlegvis ikkje mogeleg å forenkle, men storparten av sprekken knyter seg til lovpålagde oppgåver som er dyrare enn budsjettert. Det gjev både administrasjonen og politikarane ein svært krevjande situasjon når neste budsjett skal i hop.

Administrasjonen har innstilt på knallharde kutt i eine enden, og auke i så godt som alle skattar og avgifter i den andre. Likevel kjem ein ikkje i mål. Aktivitetssenteret og Frivillegsentralen er føreslått nedlagde. Det er trasig, og eit øydeleggjande signal å sende for ein kommune som jobbar knallhardt og målretta med å auke tilflytting og trivsel blandt innbyggjarane. Vi veit at aktivitetssenteret er eit vellukka og viktig tilbod til brukarane, og vi veit at Frivillegsentralen er det fremste verktøyet ein har for å nøre oppunder vekst og auka aktivitet i lag- og organisasjonslivet i kommunen. 150-årsfesten i sommar er eit døme på tiltak som aldri kunne ha vore realisert utan sentralen. Dessutan er begge tiltaka relativt rimelege, sett i forhold til kva ein får att, og den verdiauka dei representerar for Hyllestad som samfunn.

Gode intensjonar er ein ting, men det er pengane som rår. På inntektsida kjem Hyllestad dårleg ut, og statsbudsjettet gav oss ein inntektsvekst som ligg under snittet. Mykje snø i starten av 2011 gav store utgifter til brøyting. I tillegg kan KOSTRA-tal fortelje oss at vi har ein skule som står i ein ressurskrevjande situasjon, med ein andel elevar som treng ekstra oppfylgjing som er ekstremt høg samanlikna med kven som helst. I andre enden har vi ein tilsvarande situasjon i eldreomsorga. Dette er lovpålagde oppgåver som vi skal og må løyse. Dessverre tek ikkje inntektssystemet høgde for desse tinga, i lag med andre faktorar som gjev Hyllestad ein ekstraordinært vanskeleg budjsettsituasjon. På kort sikt er det få, om nokon, driftsmessige grep som kan gjerast for å frigjere midlar til neste år. Auke i avgiftene vert naudsynt, og uunngåeleg. Eigedomsskatten er innført, og oppjustert, og ei ytterlegare auke vil vere eit svært negativt signal å sende til eksisterande og nye innbyggjarar. Dessutan veit vi at ei auke i eigedomsskatten er som å pisse i buksa for å halde varmen, ein skubbar problema framfor seg, men dei kjem att. Det er lite arbeidskrevjande og lettvint, men før eller seinare står ein der med 7 promille og den minst attraktive skattepolitikken i fylket. Det er kort og godt falitt. Så skal ein - som politikar - alltid vere varsom med å gå for bombastisk ut i slike spørsmål, men det skal ikkje herske tvil om at ei auke til 5 promille vil vere eit stor nederlag for vår gruppe.
Det harmonerar ikkje at ein skal levere stadig dårlegare tenester til ein stadig høgre pris.

Vi har endå mykje budsjettarbeid framfor oss, men nokre punkt har krystallisert seg:
- vi må arbeide for å få ekstraordinære skjønnsmidlar, både for å kompansere for den spesielle situasjonen, og for å kunne halde fram med det viktige omstillingsarbeidet.
- vi må saman med administrasjonen setje i gang ein prosess for å omstille den kommunale drifta, slik at den er tilpassa den jobben som skal gjerast. Ingen ynskjer oppseiingar, men ein må snu alle steinar for å få ei sunnare og økonomisk bærekraftig drift.
- vi må vurdere alle invisteringar, og legge alle invisteringar som ikkje må takast no på vent til ein har omstilt seg. Med den økonomiske stoda ein har no, tåler vi ikkje mykje meir gjeld.
- vi må berømme alle dei kommunalt tilsette som gjer ein kjempejobb i helse, omsorg, skule og oppvekst, og oppmode om å halde fram med den store vilja til å løyse ein vanskeleg situasjon. Både skule, barnehage og eldreomsorga vil få endå nokre tøffe år, men gevinsten ved å lukkast i snuoperasjonen vil forhåpentleg vere god.

Utan skjønnsmidlar har vi som politikarar ingen ting vi kan gjere - då handlar budsjettet om å utføre lovpålagde oppgåver, og knapt nok det. Det kan vi ikkje leve med, då har systemet teke livet av Hyllestad kommune.

Vi skal jobbe knallhardt vidare, og gjere vårt for å levere eit budsjett i balanse, som ikkje sler føtene under Hyllestadingane sin kvardag. Det vert tøft, både budsjettmessig, og i framhaldet. Då er det viktig at både vi som er politikarar og innbyggjarar held fram med å sjå dei positive trendane som er i ferd med å vekse fram i Hyllestad.

Har du meiningar og innspel til budsjettet? Nøl ikkje med å ta kontakt, og køyr gjerne debatt!

tirsdag 11. oktober 2011

Vegstandard og livskvalitet

Ein evig diskusjon rundt det å pendle til jobben, er kvaliteten på pendlarvegen. Dei fleste ser ut til å vere samde om at ein godt kan pendle, så lenge tilhøva ligg til rette. Desverre gjer dei ikkje fullt ut det i vårt område. I dag kan vi på ny lese om steinar i vegen mellom Instefjorden og Brekke, ein pendlarveg brukt av fleire. Meg sjølv inkludert. Sjølv om risikoen er liten, er det ubehageleg lesing kvar gang dette skjer. Dette gjeld ikkje berre denne strekninga, men ei lang rekkje stadar i fylket.

Det er vanskeleg å løfte desse enkeltprosjekta opp og fram i løyvingskøa. Så lenge det går bra, er det faktisk - paradoksalt nok - ein fordel at det ramlar ned litt innimellom, då held ein seg i det minste i medvitet til beslutningstakarane. Ras er eit viktig punkt, men smale og dårlege vegar reiser same problematikken. Eg trur vi treng regionale alliansar som går saman om å sette sine prosjekt på dagsorden. No ser det ut til at E39 vil bli realisert utbygd. Då bør iallfall HAFS Regionråd lage ei internt prioritert utbetringsliste for å legge til rette for pendling i og frå vår region. Den komplekse problemstillinga om frå-/tilflytting må løysast gjennom fleire parallelle tiltak. Dette er etter mitt syn eit av dei viktigare.

mandag 10. oktober 2011

Handling til ord

I går, torsdag 6. oktober, hadde det nye kommunestyret - for perioden 2011 til 2015 - sitt første møte. Som førstereisgut var dette ein dag eg har sett fram til og gledd meg til lenge. For mi gruppe, Samlingslista, vart dette ekstra spesielt, sidan samtlege av oss var nye i spelet. Dei interesserte veit alt at vi har gått inn eitt politisk samarbeid med AP i denne perioden, eit samarbeid som vi har lagt opp til skal vere tett og gje oss evna til å sette ein politisk kurs.

I tillegg knytte det seg sjølvsagt eit visst element av spenning mot korleis det nye kommunestyret ville legge opp sin taktikk. Ei todeling, med ein tydeleg posisjon og opposisjon, er i lengda lite konstruktivt, og det kan føre til at ein kastar vekk mykje tid på detaljar. På førehand har vår gruppe brukt mykje tid på å snakke om tverrpolitisk samarbeid, både i valkampen og i tida etterpå. Dette står vi for, og det var difor viktig for oss å markere at vi framleis ynskte å ha dei to andre partia med oss, og ikkje mot oss, på vegen mot eit framtidsretta Hyllestad. Eit viktig vegval i så måte var organiseringa. Her var det full semje i fellesgruppa med AP om at ein måtte legge opp til ein modell der ein får nytta det beste av positive krefter i alle partigrupper. Difor vart det føreslege endring frå eit formannskap med sju medlemmar, til fem supplert med utval. Utvala vil formannskapet, der alle er representert, utarbeide til neste møte.

Det første kommunestyremøtet for den ferske gruppa til Samlingslista vart ei udelt positiv oppleving. Vi er svært godt i gang med samarbeidet med AP, og vi møtte eit SP og Høgre som tydeleg ville vere med i eit konstruktivt kommunestyrearbeid. Det var kjekt, og for meg personleg var det ei bekrefting på at vi no har eit sterkt kommunestyre som har gode føresetnadar for å gjere ein god jobb. No må vi berre halde fram med å dyrke den gode tonen og det gode samarbeidet vidare, utan at vi skal verte redde for å ta dei gode diskusjonane om sak. For meg personleg vart det eit spesielt sterkt augeblikk når representantane frå SP og Høgre reiste seg for å stille seg bakom mitt varaordførarkandidatur. Eg er både takksam og audmjuk for det, og for jobben som høyrer med.

Den første reelle saka vi fekk på bordet gjaldt struktur på skule og barnehage, som tidlegare teke opp i ein post. Samlingslista har vore tydelege på kva ein vil, det same har førre formannskap i sitt siste vedtak. Etter nokre kosmetiske justeringar av dette vedtaket, kunne eit samla kommunestyre samle seg bak eit vedtak som eg meiner både er framtidsretta og økonomisk fornuftig i den situasjonen Hyllestad er i no. Dette viser at vi no har sett handling bak orda våre, og med dette er i gang med å utøve handlekraftig politikk. Det kjennest godt!

tirsdag 4. oktober 2011

Struktur - kva vil vi?

Hyllestad har tradisjonelt vore ein ekstremt desentralisert kommune, så langt har ein til tider teke prinsippet om deling, at ein har øydelagt omgrepet desentralisering. Det ein har oppnådd er ei fragmentering og pulverisering av innhald som fører til at ein vanskeleg får utvikla noko som helst. Det er negativt, og eg trur ikkje Hyllestad klarar å skape vekst før vi tenkjer og handlar som om vi er ein kommune.

Samstundes vert det ofte eit samrøre av fornuft, kjensler og prinsipp når ein skal bli konkret på vegen vidare. Samlingslista gjekk til val på eit krystallklart standpunkt om å definere eitt -1- kommunesenter, som naturlegvis må vere Hyllestad. Noko som i utgangspunktet kan høyrest banalt ut, er i realiteten eit historisk standpunkt, som mest truleg kjem til å ende i eit like historisk vedtak i behandlinga av kommuneplanen.

Og kvifor er dette så vanskeleg? Det kan tidvis vere vanskeleg å sjå skilnaden på sunn lokalt tilhøyre, og bygdestrid. Vi meiner ikkje at ein skal gløyme identiten og stoltheita ein har som Lifjording, Skifjording, Bøfjording, Øning eller Åfjorddaling. Tvert om, dersom vi alltid snakkar fint om eigne røter, og bidreg aktivt til å gjere vår heimstad så god som råd, vil det gagne alle. Problemet oppstår i det ein gjer nyskaping og planlegging til ein konkurranse i kva bygd som kan sikre seg flest funksjonar. Då taper alle.

Eit styrka kommunesenter, midt i kommunen, der ein samlar alle naturlege fritidsaktivitetar og funksjonar, vil på sikt også styrke grendene rundt. Då kan alle utvikle seg på det ein er gode på, og samstundes ha kort avstand til eit innhaldsrikt kommunesenter. Tilbakemeldinga frå utflytte Hyllestadingar i min omgangskrets er at ein saknar ein tydeleg møtestad, eit sentrum for aktivitetane. Det er dette treffpunktet vi må vise politisk vilje til å skape.

I det første kommunestyremøtet skal vi behandle ei lokaliseringssak - framtida til barnehagane i kommunen. Per i dag har vi tre barnehagar, der ein av dei er privat. Samlingslista ynskjer - uavhengig av økonomi - å samle det offentlege barnehagetilbodet på Hyllestad. Det vil vere ei politisk handling som bidreg til orda våre om eit styrka sentrum, og det vil samstundes samle alt som har med skule og oppvekst å gjere på same stad. Det er positivt på fleire måtar. I tillegg til dette er administrasjonen klare på at den driftsøkonomiske biten er gunstig. Vi håpar difor at premissane ligg til rette for at vi kan fatte eit tydeleg og handlekraftig vedtak som let oss realisere denne samlinga alt frå hausten av. Det er uansett ein prosess som skal gjennomførast, og då er må grunnen til å utsetje vere god, og av praktisk karakter.

mandag 3. oktober 2011

Korleis skal ein styrke lokalstyret?

Hyllestad har - til liks med andre småkommunar utan dei store kampsakene - slite med oppslutnaden om lokaldemokratiet. Lokalt har det gjeve seg utslag i


- problem med å få listekandidatar til val
- låg oppslutnad kring saker
- låg status for lokalpolitisk utøving
- låg valdeltaking
- mangel på folkeengasjement i lokalpolitikken

Når ein veit at folk i Hyllestad ynskjer kommunesamanslåing på grunn av at ein ikkje ser verdien i eige lokalstyre, er det noko som er gale. Det handlar nok for mange i liten grad om kvalitet på utført arbeid, men mangel på kunnskap og engasjement. Kva kan ein så gjere for å endre dette?

Eg trur at tilgjengelegheit er eit nøkkelord. Lokalpolitikarar - som andre - må ta omsyn til at det kvardagslege medie- og informasjonsbildet er radikalt endra, berre dei siste åra. Informasjon om kommunikasjon har funne nye kanalar, og det som for få år sidan var den naturlege måten å spreie informasjon på, er i dag utdatert og lite målretta.

Internett har no teke over som hovudkanal for informasjonsflyt. Dette gjeld ikkje lenger berre for ei spesiellt interessert gruppe på 15 - 35, men det breie lag av folket. Det må kommunane og kommunepolitikarane ta inn over seg. Sosiale medie, som Facebook, har no over to millionar registrerte brukarar i Noreg. Kvifor er det ikkje då samstundes ein del av kommunane sin medvitne informasjons- og kommunikasjonsstrategi?

Nokon er vaknar enn andre, og vi finn gode eksempel på at ein kan lukkast. Det som syner seg som viktig for den jamne innbyggjaren er:

- gode kommunale heimesider, som er innhaldsrike, men viktigast av alt: funksjonelle og lette i bruk!
- ein overordna strategi for bruk av sosiale medie som informasjonskanal. Her er den gode planen viktagare enn mengda informasjon som blir spreidd.
- gode rutinar for å tilgjengeleggjere informasjon som innbyggjarane har krav på, altså alt som ikkje er unnateke offentlegheit.

Kva skal så til? Som alltid er det eit spørsmål om ressursar. Ei oppfylgjing av dei nemnde punkta krev ikkje berre pengar til tiltak, men også mennesklege ressursar til å utføre i praksis. Hyllestad kommune har per i dag flinke medarbeidarar i administrasjonen som driftar dagens løysingar på best mogeleg måte. Skal vi utvikle oss vidare, trur eg at dette må bli ei sak som ein tek stilling til på politisk plan, og føl opp ord med budsjettrelatert handling. Det vert utfordrande i ein den situasjonen vi er i no, men etter mitt syn nødvendig.

Skal Hyllestad ha livets rett, må vi som skal styre ha tru på framtida. Politisk dugnadsarbeid kan ikkje i lengden lønnast med likesæle og negativitet. Det vert vårt ansvar å legge til rette for at kommunen, både politisk og administrativt, vert sett på kartet med dei gode sakene, som vi veit vi har så mange av.

Difor vil vi i Samlingslista starte i ein ende. Vårt første delmål er å få kommunestyremøta kringkasta på nett, gjerne etter Fjaler sin enkle modell. Det skal markere starten på ei ny satsing, dersom vi får politisk gjennomslag.

Ekspressbåten si rolle i Hyllestad

Sognebåten er på ny i media, nær sagt som vanleg på denne tida av året. Problemet er som før, båten har sviktande passasjergrunnlag, går på dyre subsidieordningar og er miljømessig diskuterbar. Alt dette talar for at båten si tid er over, men som før tyder signala frå fylkespolitikarane at kjenslene skal berge båten endå eitt år. Dette er også ei viktig sak for Hyllestad.

Hyllestad har i ei årrekke hatt eit svært godt båtsamband grunna Rysjedalsvika sin naturgjevne geografiske plassering. Som knutepunkt, har Hyllestadingen båtsamband i alle retningar, fleire gangar for dagen. Dette har dessverre vore lite politisk merksemd rundt lokalt. Dette har etter mitt syn fleire aspekt med seg:

- ein har ikkje i aktiv nok grad kommunisert verdien av knutepunktet Rysjedalsvika, både mot fylket og mot nabokommunane som også har Rysjedalsvika som sin stoppestad.

- ein har ikkje sett verdien av å utvikle Rysdalsvika til å innehalde fleire funksjonar.

- ein har ikkje hatt godt nok fokus på å støtte opp om stoppestaden i form av effektive busskorrespondansar.

Heldigvis er det ikkje for seint endå, men det krev politisk handling. Hyllestad må i løpet av relativt kort tid ta tak i dialogen med fylket, og sette ned ei arbeidsgruppe saman med Fjaler og Høyanger for å styrke båten sin posisjon. Det er liten tvil om at båtrutene er ein premiss for å vidareutvikle reiselivsnæringa i regionen, og samstundes støtte opp om behovet - og framtidige behov - for det lokale næringslivet.

Samstundes bør Hyllestad kommune ta ei pådrivarrolle med tanke på å få private aktørar til å skape aktivitet på Rysjedalsvika. Med dagens gode kommunikasjonar, og ei gunstig plassering ytst i Sognefjorden burde dei kommersielle mogelegheitene vere godt til stades for dei som ynskjer å satse. Hyllestad er for tida omstillingskommune, og vil forhåpentlegvis halde fram med å vere det også dei neste åra. Tida er difor heilt rett for å få kartlagt mogelegheitene for ei satsing her.

Til slutt må ein oppfordre til ein kollektiv jobb, der ein viser gjennom handling og bruk at båten er eit tilbod vi set høgt. Det gjeld både for privatpersonar, verksemder og for den politiske og administrative leiinga i kommunen. Dersom ein klarar å ha båten i medvitet i det daglege, kan små endringar bety mykje for eit svært viktig tilbod.

onsdag 28. september 2011

Fotballsesongen er over

Tysdag 27/9 spelte Hyllestad sitt a-lag den siste kampen for sesongen. Det er ein milepæl på mange måtar, og verdt eit lite blogginnlegg.

Hyllestad har lange tradisjonar med fotballag. Som andremann ut i fylket fekk vi kunstgrasbane så tidleg som i 2001, berre Sognahallen i Sogndal var før oss. Bana på Hyllestad har sidan den gang vore gjestand for både oppturar og nedturar i sportsleg forstand, men først og fremst har den vore eit samlingspunkt for ein heil kommune.

Med tida har det tidlege kunstgraset blitt nedslite, og etter ti år var det no overmodent for utskifting. Vi har vore godt nøgde med bana, og trass enormt mykje bruk, både på dag- og kveldstid, har den klart seg bra. Like fullt var den no så hard og nedslita at det gjekk på helsa laus for dei ivrigaste brukarane. På seinsumaren starta endeleg arbeidet med nytt dekke, og etter nesten dobbelt så lang tid som berekna, kunne vi altså i går spele vår første heimekamp på nytt gras. Gleda over å oppdage at dette er noko av det beste av kunstgras som finst, var sjølvsagt stor.

Sesongen er unik i nyare tid av fleire grunnar. Hyllestad har alltid vore lillebror til Dale, som jamt har lege nokre nivå over oss. Den rolla har ikkje alltid vore like lett å handtere, spesielt når Dale har overteke dei spelarane som har størst talent og mest ambisjonar. Ein tidvis uforsoneleg tone har gort sitt til å polarisere denne konflikta, noko som i neste omgang har utarma spelargrunnlaget til Hyllestad med jamne mellomrom.

For fire sesongar sidan låg Hyllestad nede. Ein hadde ikkje evna å stille lag, og treningsoppmøtet var elendig. Heldigvis tok ein neve Wolff-brør tak i situasjonen, og fekk etablert faste treningar, meldt på lag, og gjennomført ein brukbar sesong. Etter å ha vore oppstartsmann, gav etter kvart eldstebror Rudi stafettpinnen vidare til Tommy. Ein merka samstundes ei gradvis forbetring, både i oppmøte og kvalitet. Når Dale på ny tok kontakt med to av våre spelarar, Jan Anders og Martin, bestemte oppmann/trenar seg for å møte naboane på ein ny måte, med dialog og konstruktive løysingar. Det enda lukkeleg, med to nøgde Dale-spelarar som var meir enn velkomne på Hyllestad-treningar, og fekk solid støtte på sine heimekampar. Eit definitivt vendepunkt for forholdet mellom naboklubbane.

Etter førre sesong, sette ei gruppe spelarar og interesserte seg ned for å planlegge neste sesong. Spelargrunnlaget var blitt bra, og ein ynskte å bygge laget til å bli noko varig, samstundes som ein tok vare på både fotballkvaliteten, breidda og det sosiale aspektet. Det vart innkalla til eit tidleg spelarmøte, midt i januar. Her var agendaen klar: framtida til Hyllestad IL sitt a-lag. Oppmøtet var fantastisk, og stemninga god. Vi var godt over 20 frammøtte. Møte bestemte seg for å etablere ei administrativ leiargruppe. Denne skulle dels avlaste dagens ordning med berre trenar/oppmann, og dels utvikle laget vidare. I første generasjon var denne gruppa slik:

Trenar: Tommy Wolff
Hjelpetrenar: Eirik Systaddal
Oppmann: Tor-Magnus Solås
Kioskansvarleg: Hans Kristian Tveito
Materialansvarleg: Jonas Nord Løland
Ko-ordinator: Joakim Systaddal

Når den siste kampen for sesongen no er spelt, er tida rett for nokre refleksjonar kring denne organiseringa. Kva har skjedd frå førre sesong? Dei viktigaste forandringane er nok desse:

- betre oppmøte på treningane, som fører til betre kvalitet
- betre organisering på bortekampane, med felles buss
- betre arbeidsfordeling, mindre arbeid på oppmann og trenar
- betre kioskdrift, med auka inntening
- innføring av kampprogram som gjev ei fin ekstrainntekt
- auka samhald i laget, godt kameratskap
- aktiv bruk av Facebook for å involvere fleire
- auka fokus på det sosiale

Summen av dette er ein gjeng som trivst godt i lag, og som gler seg til neste sesong. Spesielt gledeleg er det at nivået er heva mange hakk berre på denne sesongen, utan at vi har mista spelegleda i gruppa. Dette håpar og trur eg vi skal bygge vidare på til neste år, etter først å ha evaluert dette året, og hatt ein heidundrandes avslutningsfest!

Vi kjem heller ikkje utanom å nemne dei fantiske Hyllestadingane som stiller opp på kamp, enten det er heime på Hyllestad, eller rundt om kring i fylket. Dei betyr veldig mykje for gleda, motivasjonen og fotballen!