tirsdag 2. mars 2010

Verdien av gode inspiratorar

Når ein skal bygge positive trendar, så er engasjerte personar ein nøkkelressurs for at ein skal lukkast. I ei tid der dei fleste har ein hektisk kvardag, kan det vere langt mellom desse ressursane. Spesielt sidan denne typen arbeid er på eit idealistisk grunnlag. Det betyr heldigvis ikkje at personane ikkje finst, ein må berre sette fyr på dei først. Og nokre gode eksempel har vi å sjå etter.

Eg vil som eit eksempel skrive litt om ein inspirator som eg har opplevd sjølv. Torbjørn Løland var læraren vår i naturfag og forming (sikkert feil fagnamn) på ungdomsskulen. Og sjeldan har ein klasse fått så mykje ut av det som fort kunne ha vore eit trøyttande fag med til dels kjedelege emne. Rett skal vere rett, mitt årskull var velsigna med berre gode lærarar, dette er på ingen måte kritikk mot andre.

Likevel - og kanskje endå meir imponerande - skilde Torbjørn seg ut. Han var levande, positiv og inkluderande - og tilsynelatande alltid entusiastisk til emnet. Det enkeltemne eg hugsar aller best var når me skulle lære om steinsortar. Torbjørn kalla seg sjølv for steingalen, i den forstand at hass interesse for stein var unormalt stor. I tillegg var han ein ekspert til å knytte store, generelle emne opp til lokale, spesifikke eksempel. Så når vi skulle lære om stein, kva var vel meir naturleg enn å spasere ut i Buavika for å sjå på fyllinga til Torbjørn? Den inneheldt heile spekteret frå læreboka, og meir til.

Eg kunne fortalt mykje om både steinsamlingar, granatglimmer og gneis. Mykje sit endå som spikra. Kor kollektivt dette vart festa i klassen kan best illustrerast med ei hending frå ei saltgruve, rett utanfor Krakow i Polen på klassetur i 10. klasse - to år etter steinprosjektet vårt. Då vart ein samla klasse ståande å diskutere kva bergart det var i gruva. Argumenteringa gjekk høgt, og referansane til læreboka kom tett. Ein lett måpande trønderklasse som var med på same turen skjønte ikkje heilt kva som gjorde at ein sat inne med slik kunnskap om stein - det gjorde ikkje dei.

Slike personar kan vere skilnaden på kva intrykk ein veks opp med, om det er ovanfor skulen, heimstaden eller kva ein ynskjer å drive med. For min eigen del har inspiratorane som eg har møtt hatt mykje å sei for at eg valde å skape min eigen arbeidsplass i Hyllestad. Eldsjeler finst det mange av. No gjeld det å lokke dei fram, gje dei roller som dei ynskjer og inspirere til å skape!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar