Skal Hyllestad få eit betre ord på seg mellom potensielle tilflyttarar, så er ein avhengig av å ha eit godt rykte. Så enkelt å setje fingen på, men likevel så vanskeleg å gjere noko med. Jobben med å skaffe seg eit godt rykte vert ofte kalla omdømebygging, og er etter kvart eit eige fag. Stadig fleire kommunar har no eigne planar for si omdømmebygging, og brukar proff hjelp for å forbetre seg. Dette skal også Hyllestad i gang, og vegen vidare vert spanande å fylgje med på.
I mellomtida kan vi som er opptekne av Hyllestad starte i det små. For faktum er at uansett kor mange kroner og konsulentar som vert brukte, så er det hyllestadingane som må gjere jobben. Vi må på eit eller anna vis oppfatte kommunen vår og oss sjølve som noko positivt, og i neste omgang uttrykke dette når vi omtalar kommunen vår.
Dette er sjølvsagt utfordrande, og krev at ein er bevisst på kva ein vil. Til liks med dei fleste samanliknbare kommunar og småsamfunn har ein utfordringar som må løysast. Desse er som regel felles utfordringar der både det offentlege, folkevalde, næringsliv og innbyggjarar må løyse i fellesskap. Alle som kjenne til dagleglivet i Hyllestad, veit at det både i politikken, organsiasjonslivet og på andre arenaer er jobbar som må gjerast og utfordringar som må løysast. Og til liks med alle andre stadar, så er det ingenting som kjem av seg sjølv.
Er så vi som bur her beviste på kva vi har? Det er ofte lett å sette fingen på kva som ikkje er som det burde, og i neste omgang fokusere på dette. Det skal vi sjølvsagt halde fram med, men vi må og trene oss på å sette fokus på det som faktisk er bra, for i neste omgang å gjere det gode betre. Bygdelivet er ikkje for alle, og det er naturleg at nokon trivst betre i Hyllestad enn andre. Likevel kan mykje gjerast for at trivselsfaktoren vert høgare for fleire. Og grepa som skal til er ikkje nødvendigvis så store.
Eg tykkjer at trenden er positiv i Hyllestad. Det er takka vere at fleire eldsjeler kjem på bana, gjerne saman med andre som deler dei same interessene. Dette er i mange tilfelle nøkkelen for suksess - kvar tek i eit tak der ein kjenner at det gjer noko tilbake i form at positive tiltak. På den måten gjer ein seg sjølv til ambassadør, både for aktiviteten ein frontar og for Hyllestad.
I den siste tida har fleire slike tiltak gjort seg gjeldande. Det er riktig og viktig å anerkjenne og sette fokus på desse tiltaka. Barnas Turlag er skipa, og har på kort tid blitt populært og ikkje minst synleg i Hyllestad-samfunnet. Ein veteran i denne samanhengen er biljardklubben, som i ei årrekke har gjort seg gjeldande på eit mykje høgare nivå enn kva nokon andre småklubbar i landet. Så god jobb har Kurt Hatlem og hans utrøyttelege innsats vore at Steffen Wolff no dunkar ut juniorverdsmeisteren i EM.
Wolff-brørne, Kurt Hatlem og brørne Kent Rune og Håkon Andre Hatlem er skulebokeksempel på gode ambassadørar, kvar på sine måtar. Dei står for det som må blir framtida sine haldningar for Hyllestad. Det er sjeldan at så mange er stolte hyllestadingar som når NM, EM og til og med VM i biljard vert dominerte av Hyllestad-spelarar. Det seier mykje om omdømmeverdien av det som ein gang var ei eldsjel sin draum om ein lokal biljardklubb.
Eg registrerar med glede at eldsjelane vert stadig fleire, og at ambassadørane som ein naturleg konsekvens av dette dukkar stadig tettare opp. Eit flott og aktuelt døme er prosessen rundt den lokale UKM-mønstringa som på mystisk vis var ute av budsjetta. Måten ungdommen gjekk i dialog med dei rette instansane på er eit eksempel til etterfylgjing, og vart lagt merke til også utanfor kommunegrensene.
Mi utfordring til deg vert då å sjå nøye etter om det bur ei eldsjel også i deg. Brenn du for ei sak, ein aktivitet eller eit tiltak som du skulle ynskje var til stade i kommunen? I så fall vil eg på sterkaste oppmode om å gå i gang. Ta eit par telefonar, sjå om du får nokon til å dra lasset med deg - og gå i gang!
mandag 15. mars 2010
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Eg leitar etter nokon å pendle med til og frå Hyllestadtrening. Dette finne eg naudsynt å få på plass om eg atter ein gong skal komme opp på eit internasjonalt nivå.
SvarSlettHelsing fortvila Helleviking.