mandag 15. mars 2010

Gode ambassadørar

Skal Hyllestad få eit betre ord på seg mellom potensielle tilflyttarar, så er ein avhengig av å ha eit godt rykte. Så enkelt å setje fingen på, men likevel så vanskeleg å gjere noko med. Jobben med å skaffe seg eit godt rykte vert ofte kalla omdømebygging, og er etter kvart eit eige fag. Stadig fleire kommunar har no eigne planar for si omdømmebygging, og brukar proff hjelp for å forbetre seg. Dette skal også Hyllestad i gang, og vegen vidare vert spanande å fylgje med på.

I mellomtida kan vi som er opptekne av Hyllestad starte i det små. For faktum er at uansett kor mange kroner og konsulentar som vert brukte, så er det hyllestadingane som må gjere jobben. Vi må på eit eller anna vis oppfatte kommunen vår og oss sjølve som noko positivt, og i neste omgang uttrykke dette når vi omtalar kommunen vår.

Dette er sjølvsagt utfordrande, og krev at ein er bevisst på kva ein vil. Til liks med dei fleste samanliknbare kommunar og småsamfunn har ein utfordringar som må løysast. Desse er som regel felles utfordringar der både det offentlege, folkevalde, næringsliv og innbyggjarar må løyse i fellesskap. Alle som kjenne til dagleglivet i Hyllestad, veit at det både i politikken, organsiasjonslivet og på andre arenaer er jobbar som må gjerast og utfordringar som må løysast. Og til liks med alle andre stadar, så er det ingenting som kjem av seg sjølv.

Er så vi som bur her beviste på kva vi har? Det er ofte lett å sette fingen på kva som ikkje er som det burde, og i neste omgang fokusere på dette. Det skal vi sjølvsagt halde fram med, men vi må og trene oss på å sette fokus på det som faktisk er bra, for i neste omgang å gjere det gode betre. Bygdelivet er ikkje for alle, og det er naturleg at nokon trivst betre i Hyllestad enn andre. Likevel kan mykje gjerast for at trivselsfaktoren vert høgare for fleire. Og grepa som skal til er ikkje nødvendigvis så store.

Eg tykkjer at trenden er positiv i Hyllestad. Det er takka vere at fleire eldsjeler kjem på bana, gjerne saman med andre som deler dei same interessene. Dette er i mange tilfelle nøkkelen for suksess - kvar tek i eit tak der ein kjenner at det gjer noko tilbake i form at positive tiltak. På den måten gjer ein seg sjølv til ambassadør, både for aktiviteten ein frontar og for Hyllestad.

I den siste tida har fleire slike tiltak gjort seg gjeldande. Det er riktig og viktig å anerkjenne og sette fokus på desse tiltaka. Barnas Turlag er skipa, og har på kort tid blitt populært og ikkje minst synleg i Hyllestad-samfunnet. Ein veteran i denne samanhengen er biljardklubben, som i ei årrekke har gjort seg gjeldande på eit mykje høgare nivå enn kva nokon andre småklubbar i landet. Så god jobb har Kurt Hatlem og hans utrøyttelege innsats vore at Steffen Wolff no dunkar ut juniorverdsmeisteren i EM.

Wolff-brørne, Kurt Hatlem og brørne Kent Rune og Håkon Andre Hatlem er skulebokeksempel på gode ambassadørar, kvar på sine måtar. Dei står for det som må blir framtida sine haldningar for Hyllestad. Det er sjeldan at så mange er stolte hyllestadingar som når NM, EM og til og med VM i biljard vert dominerte av Hyllestad-spelarar. Det seier mykje om omdømmeverdien av det som ein gang var ei eldsjel sin draum om ein lokal biljardklubb.

Eg registrerar med glede at eldsjelane vert stadig fleire, og at ambassadørane som ein naturleg konsekvens av dette dukkar stadig tettare opp. Eit flott og aktuelt døme er prosessen rundt den lokale UKM-mønstringa som på mystisk vis var ute av budsjetta. Måten ungdommen gjekk i dialog med dei rette instansane på er eit eksempel til etterfylgjing, og vart lagt merke til også utanfor kommunegrensene.

Mi utfordring til deg vert då å sjå nøye etter om det bur ei eldsjel også i deg. Brenn du for ei sak, ein aktivitet eller eit tiltak som du skulle ynskje var til stade i kommunen? I så fall vil eg på sterkaste oppmode om å gå i gang. Ta eit par telefonar, sjå om du får nokon til å dra lasset med deg - og gå i gang!

tirsdag 2. mars 2010

Verdien av gode inspiratorar

Når ein skal bygge positive trendar, så er engasjerte personar ein nøkkelressurs for at ein skal lukkast. I ei tid der dei fleste har ein hektisk kvardag, kan det vere langt mellom desse ressursane. Spesielt sidan denne typen arbeid er på eit idealistisk grunnlag. Det betyr heldigvis ikkje at personane ikkje finst, ein må berre sette fyr på dei først. Og nokre gode eksempel har vi å sjå etter.

Eg vil som eit eksempel skrive litt om ein inspirator som eg har opplevd sjølv. Torbjørn Løland var læraren vår i naturfag og forming (sikkert feil fagnamn) på ungdomsskulen. Og sjeldan har ein klasse fått så mykje ut av det som fort kunne ha vore eit trøyttande fag med til dels kjedelege emne. Rett skal vere rett, mitt årskull var velsigna med berre gode lærarar, dette er på ingen måte kritikk mot andre.

Likevel - og kanskje endå meir imponerande - skilde Torbjørn seg ut. Han var levande, positiv og inkluderande - og tilsynelatande alltid entusiastisk til emnet. Det enkeltemne eg hugsar aller best var når me skulle lære om steinsortar. Torbjørn kalla seg sjølv for steingalen, i den forstand at hass interesse for stein var unormalt stor. I tillegg var han ein ekspert til å knytte store, generelle emne opp til lokale, spesifikke eksempel. Så når vi skulle lære om stein, kva var vel meir naturleg enn å spasere ut i Buavika for å sjå på fyllinga til Torbjørn? Den inneheldt heile spekteret frå læreboka, og meir til.

Eg kunne fortalt mykje om både steinsamlingar, granatglimmer og gneis. Mykje sit endå som spikra. Kor kollektivt dette vart festa i klassen kan best illustrerast med ei hending frå ei saltgruve, rett utanfor Krakow i Polen på klassetur i 10. klasse - to år etter steinprosjektet vårt. Då vart ein samla klasse ståande å diskutere kva bergart det var i gruva. Argumenteringa gjekk høgt, og referansane til læreboka kom tett. Ein lett måpande trønderklasse som var med på same turen skjønte ikkje heilt kva som gjorde at ein sat inne med slik kunnskap om stein - det gjorde ikkje dei.

Slike personar kan vere skilnaden på kva intrykk ein veks opp med, om det er ovanfor skulen, heimstaden eller kva ein ynskjer å drive med. For min eigen del har inspiratorane som eg har møtt hatt mykje å sei for at eg valde å skape min eigen arbeidsplass i Hyllestad. Eldsjeler finst det mange av. No gjeld det å lokke dei fram, gje dei roller som dei ynskjer og inspirere til å skape!

mandag 1. mars 2010

Spissa handlingsplan gjev nye mogelegheiter

Hyllestad fekk nyleg status som omtillingskommune. I tilrådinga frå Innovasjon Norge vart det lagt sterk vekt på at Hyllestad allereide var godt i gang med omstillingsarbeidet. Kva er det så ein er i gang med?

Hyllestad Næringsråd og Hyllestad kommune har saman lagt grunnlaget for ein prosjektorganisasjon som skal leie og koordinere næringsarbeidet i Hyllestad. Som ein del av dette vart det oppretta ei styringsgruppe der både næringsliv og kommune er representere. Frå august i 2009 har Terje Nilsen vore tilsett som prosjektleiar i dette arbeidet. Stillinga er ei treårig prosjektstilling, og grunnlaget for arbeidet er styringsgruppa sin spissa næringsplan for same periode.

Spissing i denne samanhengen betyr at ein siktar seg ut eit særskilt satsingsområde der ein legg hovudinnsatsen i prosjektet. Eg har trua på denne næringsplanen, og måten den er lagt opp på. For meg er det viktigare at det ein spissar seg inn på er målretta og med substans, enn kvar det ligg plassert. Nettopp plasseringsdebatten er ofte det som har hemma utviklinga i Hyllestad. Ein har køyrt ei tredelt sentersatsing som per idag ikkje har ført til noko anna enn piler nedover. Tida er difor overmoden for at heile kommunen klarar å stille seg bak dette prosjektet.

Det betyr sjølvsagt ikkje at resten av kommunen skal ligge brakk medan ein jobbar med hovudprosjektet. Tvert imot, så inneheld prosjektet fleire mindre delprosjekt som skal gå samstundes. Desse kan på mange måtar løfte kvarandre fram. Kreativitet og skaparglede smittar, og når Skifjordingane får utvikla bygda si, vert både Bøfjordingane, Åfjorddalingane og resten av bygdene inspirerte til å ta tak i sitt eige. Rivalisering mellom bygdene vert ofte framstilt som einsidig negativt, men ofte kan ei vennlegsinna og positiv rivalisering vere både fruktbar og identitetsskapande. Når alle jobbar får å gjere si bygd til den beste, så vert alle bygdene betre enn dersom ingen brydde seg.

Hovudsastinga til Hyllestad kommune skal skje på området som til no har vore best kjent som Gamleverftet. Sjølve namnet vart forkasta på eit tidleg stadie på grunn av sin bakoverskuande klang, så frå no av snakkar vi om Hyllestad Utviklingspark. Dette vert nok eit namn som kjem til å versere stadig meir i tida som kjem. Framleis er arbeidet i ei tidleg fase, men ein audiovisuell presentasjon (altså ein 3D-modell) er klar, og kan etterkvart sjåast på nettsidene til kommunen og næringsrådet.

Til slutt vil eg oppmode både prosjektleiar Terje Nilsen og ordførar Tore Bråstad til å opprette kvar sin informasjonskanal slik at vi som er interesserte kan fylgje arbeidet etter kvart som det skjer små og store ting. Dette skapar interesse, engasjement og er samtidig ein fin kanal som media kan bruke til å fylgje med på kva som skjer i interessante Hyllestad.

Så - kortid kjem "Prosjektleiarbloggen" og "Ordføraren sitt hjørne"?

søndag 28. februar 2010

Blogging v2

Då er det nytt forsøk.

Har tidlegare prøvd meg på blogging, men har ikkje funne tonen med sjangeren. Tvert om, så har eg til tider levd med forakt mot blogging og bloggarar. Eg har ikkje sansen for fenomenet blogging i den forstanden at alle med internettilgang skal spy ut meiningar og opplysningar om seg sjølv og ting dei slett ikkje har peiling på.

Eg ser at dette er ein skummel intro. Den kan fort slå tilbakers på meg. Likevel så prøver eg meg med ein blogg med ein misjon. Eg vil bruke bloggen min til å informere om kva som skjer av positive og utfordrande ting i Hyllestad. Slik som eg har tenkt, så kan det vere godt å meine noko frå sitt eige perspektiv. Difor vert min blogg om mine tankar om det som skjer, det som skal skje og det som kan skje.

Om du er interessert i Hyllestad og Sogn og Fjordane kan det godt hende eg skriv noko som engasjerar deg. Er desse emna innanfor ditt interesseområde, så set eg pris på at du heng med meg. Og kom gjerne med innspel, her skal vere høg så høg takhøgd på kommentarfeltet som det let seg gjere i eit diktatur.